Fylkeslegen i Møre og Romsdal fortel at kommunane har ansvaret for å tilby fastlegeordning for innbyggarane. Når Hareid og Ulstein kommunar ikkje kan tilby fastlegeordning kan det vere brot på lova.

- Kommunen har i samsvar til helse- og omsorgstenestelova (§ 3-2) ansvar for å tilby fastlegeordning. Kommunens ansvar er konkretisert i fastlegeforskrifta, der det klart går fram (i § 4) at «Kommunen skal sørge for at eit tilstrekkeleg tal på legar deltek i fastlegeordninga», skriv Cato Innerdal som er assisterande fylkeslege til Vikebladet Vestposten.

Rådmann har ansvaret

Assisterende fylkeslege Cato Innerdal skriver til Vikebladet Vestposten at fylkesmannen tidlegare har understreka viktigheita av at kommunane sikrar tilstrekkeleg kapasitet i fastlegeordninga.

- Dette er eit fortløpande ansvar som ligg hos kommunen og rådmannen som øvste administrativt ansvarleg, understrekar Cato Innerdal

Rådmann Einar Vik Arset i Ulstein skriv til Vikebladet Vestposten at fylkeslegen rir to hestar samtidig i denne saken.

- Fylkeslegen har rett i at alle kommunar har plikt til å ha eit visst tal ledige fastlegeplassar til kvar tid. Kommunen og Ulstein legesenter har samarbeidd godt og nyleg fått auka kapasiteten til ti kontor. Men fylkeslegen rir nok to hestar her, sidan det er fylkeslegen sjølv som nyleg har pålagt Ulstein kommune å ta imot to turnuslegar, som pr. definisjon ikkje har liste og samstundes tek opp kapasitet, skriv Einar Vik Arset.

Luksusproblem

Mange frå Herøy har fastlege i Ulstein sjølv om det er ledige plassar på fastlegelistene i Herøy.

- At innbyggjarar strøymer til frå nabokommunane er isolert sett eit godt teikn. Men vi lever ikkje i eit vakuum. Kommunane rundt oss har same lovkravet til ei forsvarleg fastlegedekning. Eg har ingen aning om korleis gode grannar ordnar dette, men registrerer at det er mange ledige fastlegeplassar i Herøy samtidig som vi har nesten 500 herøyværingar på våre lister. Vi ser ein liknande tendens frå Sande kommune, opplyser Arset.

- Ulstein kommune planlegg no kapasitetsauke ved å lyse ut og tilsette ny fastlegeheimel med det første. Så vil framtida vise om det går med denne heimelen som med dei føregåande, at lista fyllest opp på kort tid og kapasitetsutfordringa melder seg på nytt. Like fullt eit luksusproblem, avsluttar rådmannen.