Ulstein kommune har sendt inn fire søknadar til Klimasats, der kommuner og fylkeskommuner kan søke om midlar til tiltak som reduserer utslepp av klimagassar og bidreg til omstilling til lavutsleppssamfunnet.

Den søknaden frå Ulstein kommune som er prioritert høgst er ein søknad om støtte til ladestasjonar for elbil og elsykkel.

"Det er ein aukande del av elbilar i Ulstein kommune, og vi ønsker å kunne tilby ladestasjonar ved offentlege bygg. Vi har sett oss ut 10 bygg som vi ser for oss å kunne etablere 1‐2 ladepunkt ved. Desse skal vere vanlege ladestasjonar, med unntak frå ein plass der vi ønsker ein hurtigladestasjon.Bygga er rådhuset, skular, sjukeheim, og ulike pleie‐ og omsorgsbustadar i tillegg til eit nytt idretts‐ og biblioteksbygg.

Også elsyklar vert meir og meir vanleg. og som den foregangskommunen Ulstein er, ønsker vi å bidra til at fleire kan kaste seg på denne trenden. Derfor vil vi vurdere å etablere nokre eigne ladestasjonar for elsyklar også, primært tilknytta ladestasjon for bil", skriv Ulstein kommune i søknaden.

Ulstein kommune reknar med at totalkostnaden for tiltaket vil vere på 1 million kroner, og har søkt om 500.000 kroner i støtte.

Kommunen søkjer også om støtte til tre andre tiltak; ein fortettingsstrategi for Ulsteinvik sentrum, busskur i krinsane og til sykkelparkering med tak ved kollektivknutepunkt.

Her ønskjer Ulstein kommune å etablere nye busskur: Ytre Haddal, Haddal skule, Rinden, Ivagarden, Hellestøa, Vågane, Støylen, Ytre Dimna og Storehaugen.

Totalt har Ulstein kommune søkt om 1,85 millionar kroner i støtte til dei fire tiltaka.

Miljødirektoratet tek sikte på å fordele midlane i løpet av september 2016.