Skipsrevyen melder at Larsnes Mek. Verkstad har fått to fiskebåtkontraktar. Reiarlaget Mirsel As på Sørvågen og Arvesen AS på Engenes har kontrahert kvart sitt Naval Consult-design ved verftet.

Dette blir verftet sine bygg nummer 58 og 59.

Fartøya får ei lengde på 38,65 meter, og ei breidde på 9,25 meter. Dei blir rigga for not, snurrevad og utrusta med topp moderne utstyr, skriv Skipsrevyen.

Tankane kan føre levande fisk, RSW kjølt fisk og fisk i kar med is-sørpe, eller ein kombinasjon av desse.

Båten til Mirsel skal leverast 3. kvartal 2017, båten til Arvesen skal leverast 2. kvartal 2018.