- Fylkesmannen har mottatt fleire uttalar/klager på at kommunestyret i Hareid har vedtatt innsparingstiltak ved Hareid ungdomsskule frå  hausten 2013, skriv assisterande utdanningsdirektør Jørn Anders Thomassen i eit brev til Hareid kommune.

Innsparinga førere mellom anna til at årskulla for niande og tiande trinn blir delt i to klassar i staden for tre. Årskulla ligg på om lag 60 elevar.

Kommunen har handlingsrom

Fylkesmannen skriv at kommunen har eit betydeleg handlingsrom når det gjeld kva som er ei forsvarleg organisering av elevane i grupper og klasser.

Ei klage på klassestorleik skal heller ikkje klagehandsamast hos fylkesmannen sidan det ikkje dreiar seg om ein "individuell rett" etter lova. Det er likevel klagerett dersom kommunen gjer enkeltvedtak overfor enkeltelevar.

Fylkesmannen har sett nærare på den gjennomsnittlege gruppestorleiken ved Hareid ungdomsskule førre skuleår. Ifølgje oversikta har Hareid ungdomsskule større lærartettleik enn dei fleste ungdomsskulane i fylket med over 100 elevar.

Konsekvensane vil vise seg

- Korleis innsparingane vil slå ut for Hareid ungdomsskule vil vise seg etter rapportering til grunnskulen sitt informasjonssystem i oktober i år, skriv Thomassen.

Det er ifølgje han ikkje grunnlag for å opprette tilsynssak mot Hareid kommune per idag.