Fylkesrekordane i hekkeløp i Møre og Romsdal fekk bein å gå på under Dimnaleikane i helga.

Laurdag sprang både Marte Mjøen Berg og Hallbjørn Hasund Thorseth frå Dimna IL inn til nye seniorrekordar i Møre og Romsdal på 200 m hekk.

Marte fekk tida 28,76, og sletta dermed klubbveninne Renate Grimstad sin rekord på 29,64 frå 2011.

Hallbjørn Hasund Thorseth sprang på 27,08 og felte Trygve Eriksen frå Valder sin fylkesrekord på 27,56 frå 1998.

Karsten Warholms 14,44 på 110 m hekk var stemnets beste prestasjon sett utifrå Tyrvingtabellen. Tida gav 1086 poeng.

Tobias Skavnes Våge (16) frå Dimna IL sette aldersrekord i fylket på 200 m hekk med tida 27,85.

Trass i litt kjølig vêr vart det levert fleire gode prestasjonar. Meir om det i papiravisa tysdag.

Hallbjørn Hasund Thorseth frå Dimna IL på veg mot fylkesrekord på 200 m hekk. Bak han leverer også Tobias Skavnes Våge (16) og Simon Holstad Grimstad sterke prestasjonar.