Onsdag blir ei sak om hurtigbåttilbodet i fylket tatt opp i samferdselsutvalet. Det skriv Sunnmørsposten. Saka, som gjeld konkurranseutsetjing av dei fire hurtigbåtsambanda, blir foreslått sendt ut ut på høyring.

Anboda, mellom anna på sambandet mellom Hareid, Ålesund og Valderøy, går eigentleg ut 31. desember i år. Men, ein to års opsjon er løyst ut, så dei varer i staden fram til 31. desember 2016.

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og samferdselssjef Arild Fuglseth har i si inntilling vist til erfaringane frå hurtigbåt- og ferjeanbod mellom Kristiansund og Trondheim. Der har det vore ein auke i kostnadane på rundt 45 prosent. 40 millionar kroner ligg i potten som går til å drifte Hareidruta og dei andre rutene.