Om haldningane til førstekandidatane til partia er retningsgjevande, vil Hafast ha brei støtte i Møre-benken på begge sider av det ideologiske skiljet etter valet.

Vi­ke­bla­det Vest­pos­ten har kart­lagt E39-stand­punk­ta til førs­te­kan­di­da­ta­ne frå dei sju par­tia som i dag er inne på Stor­tin­get.

Re­sul­ta­tet vi­ser ein klar ten­dens. Seks kanditatar meiner at Har­eid fast­lands­sam­band bør vel­jast fram­for Fes­tøy fast­lands­sam­band. Ein kandidat meiner Fefast er det beste valet.

Styreleiaren i Fefast: - Håpar faglege argument vinn fram

Alle kan­di­da­ta­ne frå op­po­si­sjons­par­tia stil­ler seg bak Ha­fast.

– Ha­fast er den løy­sin­ga som gir størst ef­fekt for næ­rings­li­vet og inn­byg­gja­ra­ne, og vil bi­dra til å kny­te sa­man den ma­ri­ti­me re­gi­o­nen på Søre Sunn­mø­re med Åle­sund. Det vil også sik­re eit godt fer­je­fritt sam­band for gjen­nom­gangs­tra­fik­ken, sei­er Høg­re-kan­di­dat Hel­ge Or­ten. Pål Far­stad (V) er samd.

– Det er den­ne løy­sin­ga som vil gi størst ef­fekt for å kny­te sa­man Søre Sunn­mø­re og Ålesundsregionen til ein ro­bust og re­le­vant fel­les bu-, ser­vi­ce- og arbeidsmarknadsregion, hev­dar han.

Harald Tom Nes­vik (Frp) og Rig­mor An­der­sen Eide (KrF) stil­ler seg også bak Ha­fast. Eide mei­ner ved­ta­ket i fyl­kes­tin­get for Ha­fast spe­lar ei stor rol­le.

– Her mei­ner eg vi må stå samla kring fyl­kes­tings­ved­ta­ket. Når det er sagt har KrF sent­ralt ik­kje konk­lu­dert i tra­sé­val. Det som er sik­kert er at eit re­gje­rings­skif­te vil få fort­gang i gjen­nom­fø­rin­ga av hei­le E39, hev­dar Eide.

To av dei raudgrøne ønskjer Ha­fast

Førstekandidatane frå to av regjeringspartia meiner Hafast er det beste alternativet for ferjefri E39.

Arbeidarpartiet sentralt har ikkje tatt stilling til trasévalet. Stortingsrepresentant og førstekandidat i Møre og Romsdal, Else-May Botten, meiner alternativet om Hareidlandet er det beste.

– Eg meiner vi i Ap skal gå for Hafast.

Jen­ny Klin­ge frå Sen­ter­par­ti­et mei­ner stor­tings­po­li­ti­ka­ra­ne må halde seg til ved­ta­ket i fyl­kes­tin­get, men sy­nest også Ha­fast er det bes­te al­ter­na­ti­vet to­talt sett.

– Fast­lands­sam­band skal kor­te ned ve­gen, men også byggje ster­ka­re bu- og arbeidsmarknadsregionar. Vektinga av des­se om­sy­na av­gjer til slutt tra­sé­val. Når det gjeld va­let av Ha­fast, er det sis­te som er ster­kast vekt­lagt.

Ope­dal øns­kjer opprusting fram­for fer­je­fri veg

Ing­rid Ope­dal, som er på førs­te­plass for So­sia­lis­tisk Venst­re­par­ti i Møre og Roms­dal, mei­ner fer­je­fri E39 ik­kje bør pri­o­ri­te­rast i det hei­le.

– Gul mid­stri­pe er vik­ti­ga­re enn fer­je­fri E39. Eg og SV vil, med ut­gangs­punkt i dei sto­re ut­ford­rin­ga­ne i sam­ferds­le­sek­to­ren, prioritere brei­are, tryggare og ras­sik­re ve­gar og hyp­pi­ga­re fer­je­av­gan­gar fram­for nye, dyre ferjeavløysingsprosjekt, sei­er Ope­dal.

– Der­som det skal byggjast eit ferjeavløysingsprosjekt, går eg inn for Fe­fast. Ha­fast vert et­ter mitt syn ein om­veg, og den dju­pe Eik­sund­tunnelen vert ei unø­dig bar­ri­e­re for stam­veg­tra­fik­ken.

Dagleg leiar i Hafast: - Som forventa

Vil helst ha ind­re al­ter­na­tiv i Nord­fjord

Vi spur­te også kva al­ter­na­tiv kan­di­da­ta­ne helst vil ha re­a­li­sert for E39 i Nord­fjord.

Her er det to tra­sé­val som kjem­par mot kvar­and­re: Eit ind­re al­ter­na­tiv frå Byr­kje­lo til Vol­da via Stryn og Kvivs­ve­gen, og eit midt­re al­ter­na­tiv med bru over Lote-Anda og ny veg gjen­nom Sti­ge­da­len til Vol­da. I tillegg er det ein del støtte foreit forslag  som kombinerer bru Lote-Anda med E39 om Kvivsvegen (“S-løysinga”).

Kan­di­da­ta­ne frå Venst­re, Fram­stegs­par­ti­et og Høg­re mei­ner alle at ind­re al­ter­na­tiv bør vel­jast.

– Fyl­kes­tin­get i Møre og Roms­dal har gått inn for ind­re tra­sé. Eg m, ei­ner det lø­pet vart lagt då Kvivs­ve­gen vart bygd og vart ein del av E39. Med det som ut­gangs­punkt er det na­tur­leg å vi­da­re E39 et­ter ind­re lin­je, sei­er Hel­ge Or­ten.

Jen­ny Klin­ge i Sen­ter­par­ti­et mei­ner fort­gang i pro­sjek­tet er vik­ti­ga­re enn tra­sé­va­let.

– Møre og Roms­dal kan leve med beg­ge løy­sin­ga­ne, så det vik­ti­ge no er at det blir teke ei av­gjerd sna­rast råd. Eg vil hal­de fram med å pres­se på for at av­gjer­da skal ta­kast før va­let.

– Det er av­gje­ran­de for gjen­nom­fø­rin­ga av E39 at Sogn og Fjor­da­ne ras­kast mog­leg blir einige om tra­sé­val, mei­ner An­der­sen Eide i KrF.

– Dette er ei rimeleg heit potet. Om den blir hausta før valet veit eg ikkje. Sett ut frå våre interesser er indre linje best. Det er eit billegare prosjekt og vil kunne gjennomførast raskare slik vi ser det, seier Else-May Botten. Ap i Møre og Romsdal har gjort vedtak om at dei ønskjer indre trasé.

SV går for midtre trasé

Ope­dal skil seg frå politikarkollegaene sine også når det gjeld ve­gen gjen­nom Nord­fjord.

– Eg stil­ler meg bak sy­net til fyl­kes­la­get i Sogn og Fjor­da­ne, og også SV sent­ralt, og går for midt­re lin­je. Sjølv har eg all­tid sett den­ne lin­ja som den naturlege nord-sør-stam­ve­gen, sei­er Ope­dal.

Ho meiner S-løysinga (E39 over Lote- Anda og derifrå tilbake til Kvivsvegen, red. merk.) kan vere eit alternativ til midtre trasé. Opedal har også nokre lovord å kome med om Kvivsvegen.

– Kvi­ven er eit fint sam­band for re­gi­o­nen vår og for veg­sam­ban­det aust­over, og ve­gen mel­lom Stryn og Byr­kje­lo er ein av dei man­ge som i høgs­te grad treng å rus­tast opp.