Etter møte i namnenemnda i Ulstein kommune vart det i januar 2013 lagt fram til høyring framlegg til namn på nye og eksisterande vegar og bustadfelt i kommunen.

Kommentarar og merknader på namneforslaga måtte vere kommunen i hende innan 1. mars 2013.

I Ulsteinvik sentrum er det vedteke namn på fem felt; Vikemarka, Hovsetmarka, Vollemarka, Reitengrenda og Nyhamna. Nyhamna er området som til no har vore kjent som Sjøsida.

Ikkje samde i merknader

Det har kome inn to merknader til nye feltnamn i Ulstein, ein om at Joelva heller burde heite Sundgotmarka og ein frå  Stadnamntenesta på Vestlandet om Reitengrenda, somdie meiner bør heite Reitegrenda.

Teknisk utval i Ulstein kommune er ikkje einige i merknader frå Stadnamntenesta om Reitengrenda. I brevet til Stadnamntenesta skriv dei at Reitengrenda samsvarar med dialektuttalen av namnet. Namnenemnda skriv også at Joelva er eit godt lokalt namn som tidlegare har vore nytta i det aktuelle området.

Stadnamntenesta på Vestlandet hadde også merknader til bruken av namnet Holsekerdalen og meinte at det heller burde vere Holsekredalen. I brev frå administrasjonen i Ulstein kommune kjem det fram at namnemyndet i kommunen vurderer situasjonen slik at dei kan velje å nytte forma Holseker- eller Holsekre-. Sidan Holseker har vore nytta før ny lov om stadnamn i 1991 er det etter namnemyndet si forståing fritt fram for å nytte Holsekerdalen. ,