Måndag vart det kalla inn til informasjonsmøte hjå Ulstein Design & Solutions. Der kunne Sigurd Viseth og Ove Dimmen avsløre at selskapet har inngått ein kontrakt verdt meir enn 800 millionar kroner for fire havgåande slepebåtar.

- Det har vore ei fantastisk helg. Sola skein over Ulsteinvik, og sola skin over Ulstein Group. No har vi gjort noko stort, slo Viseth fast for dei tilsette.

«Det store» er i dette tilfellet ei kontrakt på design- og utstyrspakkar for fire havgåande slepebåtar, som skal byggjast ved Niigata Shipbuilding & Repair i Japan. Det er nederlandske ALP som skal ha dei fire båtane.

Mykje nytt

Kontrakten til Ulstein Design og Solutions er verdt meir enn 800 millionar kroner, og er den klart største selskapet har fått i hamn.

Områdesalsjef Ove Dimmen fortalde at det er mykje som er nytt i kontrakten med Niigata.

– Det er nye båtar (SX157), nye kundar og eit nytt land i Japan, sa Dimmen. Både Niigata og ALP er nye kundar for Ulstein.

– Dette er skip som skal ta tunge løft, til dømes slepe store riggar. Dei skal kunne gå med full kraft i 45 dagar.

Ifølgje Dimmen vil dei 88,9 meter lange og 21 meter breie båtane ha plass til 35 personar.

Langsiktig satsing

Ulstein Design & Solutions har arbeidd med denne kontrakten i lengre tid. Sigurd Viseth fortel til Vikebladet Vestposten at ein har arbeid på og av med den i meir enn tre år, men meir intensivt det siste året.

Saman med reiarlaget har Ulstein Design & Solutions gjort grep for å gjere slepebåtane betre, enn dagens fartøy. Dei nye SX157-båtane skal kunne ta seg av sjølv dei aller tyngste slepa med berre to fartøy.