Ein av elevane på elektrolina til UVS har fått seg læreplass i Statoil.

Fredag 13.juni hadde skulen avslutningsmarkering for yrkesfagsklassene. Det var kaker og kaffi og saft i kantina, helsing frå rektor og «takk for oss» frå elevane med helsingar til lærarane sine.

Det er og har vore, mykje negativt snakk om lave gjennomføringstal i vidaregåande opplæring siste åra. Mange tiltak er sett inn.

Elektro i ei særstilling

Ved Ulstein vgs har ein hatt gode gjennomføringstal for Vg2 Elenergi i mange år, og så godt som alle som ønskjer det får læreplass. Siste fem åra har dette talet vore mellom 95-100%. Nokre vel å gå allmennfagleg påbygging i staden for å gå ut i lære.

I år har fleire av elevane på elektro kunne velje mellom fleire tilbod om læreplass. Skulen har ikkje hatt nok kandidatar i høve etterspørselen. Det er bedrifter som har ønskt, men ikkje fått, lærlingar frå skulen denne våren.