Den nytilsette kommunalsjefen for oppvekstsektoren i Hareid, Trine Falkenstein, får ei årsløn på kr. 670.000 med verknad frå 1. januar 2015.

Kommunalsjef Oddbjørn Grimstad, som er konstituert i stillinga dei 3-4 siste månadene av 2014, får eit personleg tillegg på kr. 5.000 pr månad i denne perioden.

Falkenstein er 45 år gammal og busett i Førde.Ho har jobba som leiar i kommunal forvaltning sidan 2003. Ho startar i jobben på Hareid rundt årsskiftet.