Hareid kommune inviterer til informasjonsmøte om etablering av akvakulturanlegg i Brandal. Møtet skal haldast på Ishavsmuseet Aarvak 13. mars, og der vil ein informere om planane som ligg føre. Det vil også verte orientert om konsekvensane av ei eventuell etablering frå Salmar Organic.

Det er ordførar Anders Riise som inviterer til møtet gjennom Hareid kommune sine nettsider.

Møtet skal vere ope for alle.