4. mars i år vedtok utvalet at søkjaren Wibeke Louise Kløvning ikkje stetta konsensjonskrava – og derfor ikkje fekk overta bruket.

Når utvalet no har snudd og sagt ja til konsesjonen, er det med følgjande grunngjeving:

«Søkjar fyller føremålet i konsesjonslova og dei eigar- og brukstilhøve som er til gagn for samfunnet. Utvalet vil ikkje krevje buplikt på eigedomen utifrå dei tekniske tilhøva for våningshuset.»

Lovheimelen som er brukt i saka, er LOV 2003-11-28 nr 98: Lov om konsesjon ved erverv av fast eigedom (konsesjonsloven).