- Turløyper og skianlegg i inn- og utland fristar, men det er ein ting mange gløymer - reiseforsikring, seier Arne Voll, informasjonssjef i forsikringsselskapet Gjensidige.

Ei undersøking gjennomført av Ipsos MMI for Gjensidige viser at heile 7 prosent av bebuarane i Møre og Romsdal seier dei har reist til utlandet utan å vere heilt sikker på at reiseforsikringa var i orden.

- Ei reiseforsikring til ein eller heile familien kostar ikkje meir enn eit par ski og er ein god garanti for å unngå økonomisk ruin, seier Arne Voll.

Voll åtvarar sterkt mot å reise på skiferie utan ei god reiseforsikring.

- Blir du alvorleg skadd og treng helikoptertransport til sjukehus eller båre om bord i fly, kan det i verste fall koste fleire hundre tusen kroner. I tillegg kan behandlinga på private klinikkar bli svindyre, seier han.

Rundt 20 prosent av skiskadane er så alvorlege at den skadde treng spesiell transport til sjukehus eller heim til Norge.

Ski og alkohol høyrer ikkje saman

For mange er afterski ein obligatorisk måte å avslutte ein fin dag i skiløypa på. Det er derimot ikkje alle som klarer å begrense alkoholinntaket, og Gjensidige har registrert fleire ulukker etter slike festar.

- Ski på beina og høg promille, er noko ein skal halde seg langt unna, oppfordrar Voll.