Ordførar Hans Gisle Holstad er svært glad for det store tilskotet, og slår fast at i økonomiske vanskelege tider kjennest det viktig å få midlar som kan nyttast til å få energibruken i kommunen ned. Kvifor Herøy og Ulstein har fått mindre summar kan ikkje Holstad svare på, men i reglane til Enova heiter det at tildelinga skjer ut frå normerte energimål. Det finst kommunar rundt om i landet som har fått meir enn Hareid. Hareid kommune skal bruke midlane til fleire tiltak, men det store løftet blir å etablere eit SD-anlegg som skal regulere energibruken i alle dei store kommunale bygga, som til dømes rådhuset, skulane, sjukeheimen og barnehagane. Tilskotet må brukast i løpet av eit års tid. Også Hareid kyrkje har søkt om Enova-midlar. Dagens omnar under kyrkjebenkene er rett og slett farlege, og kyrkja har søkt om pengar til å isolere golvet, og til nye omnar. Men søknadene frå kyrkjene blir handsama på anna vis, og Holstad håper at Hareid kyrkje også får Enova-midlar. Sande kommune har fått eit Enova-tilskot på 1,04 millionar kroner og Vanylven har fått 2,56 – altså hakket meir enn Hareid.
Nyhende →
Hareid får 2,5 mill. kroner i Enova-tilskot
Medan Ulstein får 0,86 millionar og Herøy 0,32 millionar kroner til energiøkonomiserande tiltak, får Hareid kommune heile 2,52 millionar kroner.