Undersøkinga, som vart kravd av kontrollutvalsmedlem Linda Haddal Røssevoll, har avfødd ein rapport på 50 sider med tittelen «Forvaltningsrevisjonsprosjekt Barnevern Har-eid kommune».

Rapporten finn mykje å peike på. Det går både på overskridingar av tidsfristar og på manglande lovpålagde tiltak.

Ein gjennomgang av ti saker når det gjeld «bekymringsmeldingar, undersøkingar og skriftlege henvendelsar» viser at ikkje alle meldingar har vore gjennomgått innan vekefristen og at nokre meldingar ikkje var oppfølgde i det heile. «Ein registrerte eit vesentleg antal fristoverskridingar», heiter det i rapporten.

Når det gjeld sakshandsaming skal 3 månader vere maksimal sakshandsamingstid, og 6 månader berre i spesielle tilfelle. Rapporten slår her fast at 9 av 18 undersøkingar hadde ei sakshandsamingstid på over 3 månader, utan at det låg nokon dokumentasjon i mappene om at barnevernstenesta hadde fått utvida frist. 2 av 18 undersøkingar hadde ei fristoverskriding på 6 månader.

Revisjonen konkluderer med at sakshandsamingstida i dei undersøkte sakene viste klare brot på barnevernslova sine maksimale tidsfristar. Konsekvensane av dette, heiter det,  er at «borna sine problem blir så alvorlege at det eventuelt vil vere nødvendig med større tiltak – som t.d. omsorgsovertaking».

Akkurat denne påstanden kjøper ikkje rådmannen i Hareid i si tilbakemelding til rapporten:

«Dette er ein sterk påstand, skriv han, – og vi stiller spørsmål ved kva belegg revisjonen  har for å kome med ein slik påstand. Ja, det er slik at vi ikkje klarer å få iverksett alle vedtak, nokre gonger fordi vi manglar tiltaka (t.d. besøksheim som vi ikkje klarer å finne), nokre gonger fordi foreldra eller barnet ikkje vil. Dette kan vi ikkje gjere stort med», skriv han.

«Biletet revisjonen gir, er for oss lite nyansert», meiner rådmannen og held fram: «Ikkje i ei sak har vi fått tilbakemelding om at manglande iverksette tiltak har vore årsak til medhald i omsorgsovertakinga. Vi har vel i nokre saker også prøvd for mykje og for lenge».

Rapporten med pålegg om  forbetringar skal no til handsaming i kommunestyret.