Den 22 år gamle mannen forklarte at han skulle ta ei forbikøyring på veg heim frå Førde i 128 km/t i ei 80-sone. Det skriv Møre-Nytt.

Mannen vart då overraska av politiet, som hadde laserkontroll like etter.

Politiet på si side hevdar at avstanden mellom bilane var for langt til at dette kunne ha vore ei forbikøyring.

Råkøyraren vart dømt til fengsel på vilkår og må betale ei bot på kr 10.000.

I tillegg misser han førerkortet i 7,5 månader frå 2. mai - og må køyre opp på nytt for å få sertifikatet tilbake.