I kveld skal trimgruppa i Ørsta få guida tur Ugla-rundt, fortel eldsjela Bjarne Røren. Men alle er velkomne, difor ringjer han lokalavisa for å få spreidd den glade bodskapen.
Nyleg har det blitt laga til 50 meter med gangbruer på utsida. Volda turlag har nyleg vore der, og no er det ørstingane som ønskjer å gå på tur til Uglesætra.
- Det har vore voldsomt mange på tur hit desse fine maidagane. Eg vil tru rundt 450, anslår Røren.
Alle som vil vere med i kveld må møte på parkeringsplassen i kveld, så får dei vere med på tur.