I ettermiddag fekk Ullensvang problem då den skulle legge til kai ved Sulesund.

Ein av passasjerane opplyser at dei måtte vente ca 50 minutt før bilane kunne køyre i land.

C-ferja er no sett inn i B-ruta. Sidan det er ferietid og mindre trafikk på kveldstid, var det ingen attståande bilar på Hareid

då vi fekk siste oppdatering rundt klokka 18:00.