Tysdag ettermiddag melder politiet om ei trafikkulukke i Hareid sentrum.

Naudetatane er på veg til staden. Det skal vere snakk om ein påkøyrsel bakfrå.

I ei oppdatering frå politiet går det fram at det var tre personar involvert i ulukka. To av dei var i bilen som vart påkøyrt og desse har sjølv tatt seg til legevakta for ein sjekk.