Straumprissjokk rammer oss også om eit par år - Kva er alternativet?

Til no har vår region vore spart, men kva vil det bety for oss at nye kablar bind også vår region til det europeiske straumnettet om ca. to år? Er folk og næringsliv i Møre og Romsdal forberedt? Kva konsekvensar vil det ha om at også vi må betale spinnville energiprisar? Kva er alternativet? Dette er nokre av spørsmåla du kan få svar på, i det Raudt Ulstein håper vil bli den fyrste i ein serie av politiske pub kveldar.

Boye Ullmann er vara til stortinget for Rødt Oslo. Han arbeider til dagleg som fagleg sekretær for Rødt og Industriaksjonen (ei aksjonsgruppe for bevaring og vidareutvikling av norsk industri). Industriaksjonen står også bak Alternativ energikommisjon, som nettopp lanserte en høgaktuell rapport om energisituasjonen i Norge.

Skal lytte og lære

I forkant av kveldsarrangementet skal Ullmann bruke dagen på å besøke Green Yard Kleven, Ulstein Verft og Kongsberg Maritime i tillegg til at han skal møte fagforeningar. Målet med besøket er å lære meir om kva utfordringar og mogelegheiter den maritime leverandørindustrien og verftsnæringa står ovanfor. Spesielt kva tankar dei som arbeider i næringa gjer seg når det gjelder konsekvensane for folk og næringsliv når også vår region blir kopla på det europeiske straumnettet om eit par år.

— Vi i Raudt Ulstein er svært bekymra for kva konsekvensane vil bli når også vi får europeiske energiprisar. Næringslivet vårt misser då ein av sine viktigaste konkurransefordelar. Mange bedrifter driver allereie med stramme marginar. Vil dei klare å takle ei mangedobling av straumprisen? Vi ser også ei sterk auke av husstandar i vår region slit økonomisk, og i Vikebladet kunne vi lese at stadig fleire ser seg nøydde til å nytte Frivilligsentralen sitt tilbod om gratis matkasser. Kva vil det bety for disse når dei ikkje lengre har råd til å varme opp bustaden sin, koke seg mat eller å ta seg en dusj?, spør Aina M. H. Hauge.

Årets heitaste tema

— Straumpriskrisa og konsekvensane av denne er eit heitt tema ikkje berre i Noreg, men i heile Europa. Vi har vore forskåna for dei høge prisane som har herja Sør-Norge dei siste åra. Kanskje har det gjort at straumpriskrisa har fått mindre merksemd her, og ikkje alle er budd på kva som ventar, forklarer ei bekymra Aina M. H. Hauge. Ho er svært opptatt av både den aukande fattigdomen i Noreg og at dei styrande politiske partia etter hennar meining har gitt vekk eit så viktig konkurransefortrinn; rimeleg fornybar vasskraft. Hauge stiller til val til fylkestinget på Raudt si liste. Kjem ho inn er ho påtenkt rolla som gruppeleiar.

Arena for aktuelle debattar

Raudt Ulstein ynskjer å skape ein arena der folk kan møtast og diskutere aktuelle politiske tema på tvers av partipolitisk tilhøyring.

— Denne gangen står vi aleine som ansvarleg for arrangementet. Neste gang har vi kanskje fått med oss fleire parti eller organisasjonar, seier Hauge som trur at ein heftig debatt over eit så aktuelt tema vil vere ei god opplading til helga.

På vegne av Raudt Ulstein, Sande, Herøy og Hareid