- Det er flott at biomassen er halvert i Salmar sin andre dispensasjonssøknad for lakseanlegget i Brandal. Men frå ein fiskar sin ståstad er blokkeringa nesten den same, meiner Roger Korsnes.

Fritidsfiskar Roger Korsnes fryktar at det no skal feste seg eit inntrykk av at den nye, og reduserte konsesjonssøknaden på lakseoppdrett i Brandal, er så mykje betre enn den førre.

- Då kan søknaden lett gli gjennom i kommunale fora, og det bør han ikkje, meiner Korsnes.

I den første søknaden til Salmar gjekk ankerfesta nesten til Klomraneset. I det nye forslaget stoppar ankerfesten litt ut om midten av Englandsvika.

- Det inneber at Englandsvika framleis er øydelagd for line- og garnfiske. Fiskeutstyret vil gå fort tapt viss det kjem bort i ankerfestet eller kjettingane, og det kan vi ikkje risikere, kommenterer Korsnes.

Skeptisk til nytten av økologiske anlegg

Han er også skeptiske til ordbruken “økologiske anlegg”.

- Under den førre fiskeriministeren skulle det først innførast “miljøvennlege” anlegg, så vart det “grøne konsesjonar”, og no har det blitt “økologiske konsesjonar”. Det er all grunn til å spørje seg kva skilnaden er. Det har i alle fall ikkje ført til at lakselusa har blitt borte. No er det to store anlegg, eit i Hordaland og eit i Trøndelag, der det er oppdaga resistent lakselus, og anlegga må leggjast brakk i månader.

- Eg er framleis uroa over framtida til villaksen, varslar Korsnes.