Tidleg i vår var ein mann på bursdagsfest ei natt på Ytre Søre Sunnmøre. Der drakk han både øl og vodka. Likevel sette han seg bak ratten, med ein passasjer i bilen, og køyrde om lag ein og ein halv kilometer. Så vart han stoppa av politiet.

Analyse av blodprøva viste at han hadde ein promille på 1,43 under køyringa.

For dette har Søre Sunnmøre tingrett gitt mannen ei fengselsstraff på 24 dagar, ei bot på 60.000 kroner, og teke frå han sertifikatet i to år.