Eit vogntog har torsdag morgon fått motorstans i Eiksundtunnelen.

Ifølgje Sunnmørsposten står vogntoget i tofeltsstrekninga opp mot Eiksund og varselstrekant er sett ut.

Politiet skriv på sin twitterkonto at dei ventar på bergingsbil frå Stryn.

Klokka 10.30 skriv politiet at bergingsbilen er på plass.

Klokka 11.10 skriv politiet at tunnelen er open for fri ferdsel.