Søndag 1. september startar haustsesongen i Bakketunet med ei ny hovudutstilling i kufjøsen. Det er er foto-og fjellentusiast Arnfinn Tønnesen som stiller ut fotografi, der motiva i hovdsak er henta frå Hjørundfjorden.
Tønnesen, som er busett i Ålesund og er utdanna allmennlærar, har siste tretti åra vore ein ivrig amatørfotograf. Kombinasjonen av eit godt blikk for bilete og tallause fot- og skiturar i Sunnmørsalpane, har gitt Tønnesen ei samling med landskapsfotografi som har vorte lagt merke til langt utover landegrensene.
I salsutstillinga i Bakketunet vil Tønnesen vise eit utval av desse fotografia og gjere oss betre kjend med Sunnmørsalpane og tindelandskapet kring Hjørundfjorden.
Utstillinga blir opna av Geir Vik som er reiselivssjef for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. I grindløda vil Språkåret syne fram musikkfilmen “Dei gamle fjelli”, der fleire av aktørane kjem frå Bjørke.
Denne første søndagen i september vil Anne Lise Aarset frå Volda stille ut keramikk i kammerset. Der vil dei besøkjande finne keramikk som både gjev uttrykk for humor, fargeglede og eit snev av alvor.
Bakketunet på Bjørke ønskjer å ta vare på røtene sine i bondekulturen. Stabburet har ikkje tidlegare vore ope for publikum, men er no rydda og ordna etter beste evne.
Maria Nikkinen Rørstad som er utdanna barnevernspedagog og driv Hos Maria på Raustad på Bjørke, tek med seg hesten sin Athos og byr på hesteriding for borna.
Som vanleg er det mogleg å få seg ein matbit, og for høvet byr vi på baccalao frå Baccalaofabrikken på Vartdal. Til dessert blir det heimelaga eplekaker.
Fotoutstillinga er ope for publikum kvar søndag t.o.m. 29. september. Medan omvisngar for større og mindre gruppe kan gjerast etter avtale.