Om lag klokka 21.40 i går kveld kolliderte ein lett motorsykkel med ein bil i Hjørungavåg.

Ulykka skjedde då den lette motorsykkelen kom køyrande frå eit byggefelt og kolliderte med ein bil som kom køyrande på fylkesvegen i retning frå Hareid.

Både ambulansehelikopter, ambulanse og brannvesen kom til  staden.

Ein person vart sendt til sjukehus med ambulansehelikopter.

Etter det vikebladet.no har grunn til å tru var det personen på mopeden som vart sendt til sjukehus, og han skal ikkje vere alvorleg skadd.

Ambulansehelikopter vart tilkalla. Foto Nikolai Skeide.