Hareid kommune har fått kritikk for at dei har tillyst informasjonsmøte om akvakulturanlegg i Brandal og Almestranda klokka 14.00 komande torsdag.

Finn Sindre Eliassen karakteriserte innkallinga for ein skandale, og grunngav ordbruken med at innkallinga var gjort på kort varsel og at møtet var lagt til eit tidspunkt då folk flest var på arbeid.

No har kommunen endra tidspunkt. Møtet blir framleis torsdag, og ved Ishavsmuseet Aarvak, men møtet skal starte først klokka 17.00.

På møtet vil det bli informert om planar og konsekvensar ved ei eventuell etablering i Brandal, i regi av SalMar Organic AS.

Det vil også bli orientert om planane i Almestranda.

Les også

 Skandaløs innkalling

Vurderer klage