– Det er ikkje ofte vi får så store julegåver, sa regionleiar Elin Staveli då tilsette i Island Offshore overrekte ein sjekk på 400.000 kroner til Stiftinga Norsk Luftambulanse.

Dei tilsette i reiarlaget Island Offshore får ikkje julegåve av arbeidsgjevaren sin i år, og slik har det vore dei tre siste åra. Reiarlaget gir i staden bort den summen dei skulle ha brukt til å kjøpe julegåver for, til ein organisasjon. Og det er dei tilsette som bestemmer kven som skal få summen.

Tidlegare har pengane gått til Frelsesarméen, Norsk Redningsselskap og Kreftforeningen. I år var det Stiftinga Norsk Luftambulanse som fekk flest stemmer.

– Vi synest det er kjekt å støtte ei god sak, og Luftambulansen er noko som vi alle kan få bruk for ein dag, seier kaptein Inge Kvalsvik i Island Offshore.

– Gåva er heilt fantastisk. Tenk at dei tilsette gav flest stemmer til Stiftinga Norsk Luftambulanse, det gjer oss svært glade, kommenterer regionsleiar Elin Staveli i Region Midt-Norge.

Med på overrekkinga var også rådsrepresentant Karl-Petter Hove frå Ålesund.

Norges største ideelle medlemsorganisasjon

Med sine 760.000 medlemer er Stiftinga Norsk Luftambulanse det største ideelle medlemsorganisasjonen i landet. Målet er å redde liv og helse gjennom å styrke luftambulansetenesta i heile Norge.

Kvart år yter Stiftinga mange millionar kroner til å utvikle ny kunnskap. Blant anna gjennom aktiv forsking, finne fram til betre teknologi, vurdere nye helikoptertypar, vurdere trongen for fleire helikopter i beredskap, og betre utdanningsprogramma. Å fremje kunnskap om førstehjelp blant folk flest og blant fagfolk innan ambulanse, politi og brannpersonell, er høgt prioritert.

Dotterselskapet Norsk Luftambulanse AS er Norges største operatør av legehelikopter, og er heileigd av Stiftinga Norsk Luftambulanse. Dei har 9 legehelikopter fordelt på 8 basestasjonar rundt om i landet.

Over 1000 tilsette i Island Offshore

Reiarlaget Island Offshore i Ulsteinvik vart starta i 2004 og har i dag vel 1000 tilsette på sjø og land. Reiarlaget har no 23 skip, og i løpet av 2013 og første kvartal 2014 skal det kome sju nye skip.