Den nye forskrifta fører mellom anna til at det blir slutt på gratisparkering for elbilar og hydrogendrivne motorvogner.
Ifølgje Steffen Urke, dagleg leiar i Hareid Parkeringsselskap, fører dette til at det no blir betaling også for desse køyretøya på ferjekaia, ved hurtigbåtterminalen og på Bankplassen.
Det som er meir positivt for dei som brukar elbil er at den nye forskrifta har krav om at ein må tilby ladestasjonar for ladbare motorvogner.
– Det må vere på plass i løpet av 2017, og Hapark er i gong med dette arbeidet. Det er planlagt at det skal etablerast ladestasjonar i området ved hurtigbåtterminalen/ferjekaia og ved rådhuset, men dette vil Hapark kome tilbake med meir informasjon om seinare, forklarar Urke.
Auka gebyr
Gjennom dei nye nasjonale forskriftene blir det også ein auke i gebyra. Der det tidlegare har vore snakk om 300 eller 500 kroner, blir desse no auka til 600 eller 900 kroner.
Steffen Urke fortel at brot på stanse- og parkeringsreglane etter vegtrafikklova og trafikkreglane vil føre til gebyr på 900 kroner. Det same vil parkering på reservert plass for forflytningshemma utan gyldig løyve.
– Målet med den nye forskrifta er å gjere det enklare for publikum, og at ein får eit samla regelverk for både private og offentlege parkeringsselskap, seier Hapark-leiaren.
I forskrifta blir det også lagt opp til at skiltinga av parkeringsplassar skal verte likare.
– Det vil medføre at nokre av p-skilta i Hareid vil verte endra i løpet av vinteren.
Frå 1. januar kjem det også krav om at alle som tilbyr vilkårsparkering må registrere sine parkeringsområde i eit sentral parkeringsregister som kan finnast på Statens vegvesen sine nettsider. Steffen Urke forklarar at alle parkeringsselskapa no blir underlagt eit offentleg tilsyn som skal føre kontroll over selskapa.