Ulstein formannskap vedtok samrøystes at det er heilt openbert at lensmannskontoret bør liggje i Ulsteinvik. Dei meiner Ulsteinvik er den naturlege samlingsstaden for kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande. Dei viser til moment som folketalstyngdepunkt, arbeidsliv og pendling, tettstadutvikling, transportforhold, statlege og regionale føringar som peikar i retning av at Ulsteinvik må veljast framfor Myrvåg. Dei viser også til at politiet si eiga arbeidsgruppe peika ut Ulstein som lokalitet for lensmannskontoret.

Formannskapet meiner også at tenesteeiningane Søre og Indre Sunnmøre blir etablert som ei eining, ikkje to. Då vil politiet på ein betre måte kunne halde fram det velfungerande samarbeidet på tvers av grensene i alle kommunane på Søre Sunnmøre.