Arbeidsløysa i Møre og Romsdal justert for normale sesongvariasjonar har i desember auka med 25, og den totale arbeidsløysa er med det om lag den same som i november. Dei tre kommunane som har hatt høgast arbeidsløyse, Herøy, Ulstein og Hareid, er også mellom dei som stig mest i årets siste månad. Det viser dei siste oppdaterte tala for arbeidsmarknaden, levert av NAV.
I Kristiansund kommune, som har hatt høgast arbeidsløyse, ser ein ikkje forandringar i desember.
3,1 prosent arbeidslause
Per 23. desember er det 4.440 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal, eller 3,1 prosent av arbeidsstokken. Dette er ein auke i arbeidsløysa på 8,9 prosent frå same månad i fjor. Arbeidsløysa er 2,1 prosent for kvinner og 4,0 prosent for menn i fylket. I Norge er det no totalt 78.556 heilt arbeidslause, 2,8 prosent av arbeidsstokken. Dette er faktisk ein nedgang på 2,8 prosent samanlikna med same månaden i fjor.
I Ulstein har det i desember blitt 16 fleire ledige samanlikna med november, i Hareid har det blitt 8 fleire, medan i Herøy og Sande har talet auka med høvesvis 25 og 1.