SU (Samarbeidsutvalet for skulane i Hareid) ber om at tilskotet til skulane ikkje blir kutta. Tvert om; det bør aukast.
Brevet er stila til politikarane i Hareid ved ordførar Anders Riise, og er underteikna av Bente A. Pilskog, leiar i FAU ved Hareid skule, Lena Hüttner, leiar ved FAU Hjørungavåg skule og Johs. Chr. Riise, leiar ved FAU Bigset skule.
Brevskrivarane gjer det klart at dei ser svært alvorleg på den noverande økonomiske situasjonen for skulane i kommunen. Etter orientering frå rektorane er det ingen tvil om at det komande skulebudsjettet kan gjere ein kritisk situasjon om mogleg endå vanskelegare enn i dag.
– Politiske signal kan tyde på at undervisningssektoren skal ta ein stor del av belastninga med å få orden på kommuneøkonomien, og SU og FAU ved hareidsskulane fryktar både kortsiktige og langsiktige problem med nedskjeringar. Utdanninga av borna i Hareid kommune skal ikkje vere annanrangs og derfor ber vi om at tilskotet til skulane ikkje blir nedskore, men auka, heiter det i brevet.
Pirkar bort i fleirtalskoalisjonen
SU og FAU minner om at fredinga av skulane var ein del av fleirtalskoalisjonen si plattform etter førre kommuneval.
– For at dette vedtaket skal ha noko form for substans ber vi om at budsjetthandsaminga for 2012 tek høgde for at det ikkje berre er bygg som må takast i vare, men også innhaldet og ikkje minst formidlinga av dette. Dersom skulane skal kunne drivast i samsvar med norsk lov, må løyvingane aukast, heiter det i brevet frå SU.