Det har gått tre veker sidan kommunen bad innbyggarane engasjere seg i kommuneplanen.

"Korleis vil du at Ulstein-samfunnet skal utvikle seg? Kva skal vi bruke areala våre til? Kom med dine innspel og meiningar før kommuneplanen vert vedteken!", heiter det på heimesida til kommunen.

I tillegg ligg det ein video ute, der ordførar Knut Erik Engh mellom anna seier han vil ha innspel til kvar gravplassen skal utvidast.

Få innspel

Rådmannen Verner Larsen seier at responsen førebels har vore laber.

- Det er ikkje mange som har engasjert seg, nei.  Men eg reknar med at det vert litt større respons når sommareferien er over.

Larsen seier at innspel frå store aktørar som fylkeskommunen, fylkesmannen, vegvesenet og Kystverket uansett kjem når fristen nærmar seg.

Folkemøte?

Fristen er altså 15. september.

- Vi har teke med oss mange innspel frå folkemøta vi arrangerte i vår, seier Larsen.

Han seier at det likevel kan verte aktuelt å arrangere nye folkmøte om kommuneplanen.