Den 11. og 12. august vart det gjennomført skjenkekontrollar på skjenkestader i Ulsteinvik. Kontrollørane avdekte avvik tre stader.

Kunne ikkje vise fram løyvet

I den eine rapporten kjem det fram at då kontrollørane kom fram til baren for å snakke med ansvarshavande observerte dei at han drakk frå ein grøn ølboks. Då han såg at kontrollørane kom var han snar med å gøyme boksen under bardisken.

Kontrollørane spurte så om han kunne vise fram skjenkeløyvet, men det kunne han ikkje. Kontrollørane skriv at dei også har spurt om dette tidlegare, utan at han har kunne vise fram skjenkeløyvet.

Skjenkestaden svarer at ansvarshavande ikkje drakk av ølboksen, han berre rydda han. Vidare ber dei Ulstein kommune om å få ein kopi av skjenkeløyvet sitt.

Kommuneadvokaten skriv til skjenkestaden at alkohollova ikkje inneheld eit forbod mot at tilsette drikk alkohol i arbeidstida, så det får dei ikkje prikkar for. Men ho gjer likevel merksam på at det høvet at tilsette, og spesielt at ansvarshavande drikk alkohol i arbeidstida, kan vere i strid med kravet til at skjenkeløyvet skal utøvast på ein forsvarleg møte.

Vidare minner juristen om kva plikter som følgjer med eit skjenkeløyve. Mellom anna skal dei ha ein perm med skjenkeløyvet, som er oppdatert og tilgjengeleg for alle tilsette. At dei ikkje kunne vise fram denne permen, og at det også tidlegare har vore eit problem, kvalifiserer til tildeling av to prikkar på skjenkeløyvet.

Reklamerte for alkoholhaldige drinkar

Ein annan skjenkestad hadde eit skilt i baren der dei anbefalte tre alholhaldige drinkar dei selde. Dette er brot på reklameforbodet for alkohol.

På grunn av dette varslar kommunejuristen at skjenkestaden kan få ein prikk på skjenkeløyvet.

Drakk medbrakt

På ein annan skjenkestad såg kontrollørane at ei kvinne trakk opp ei flaske Bacardi som ho drakk 2-3 dl av, før ho la flaska ned i sekken sin att. Dette er brot på paragrafen i alkoholforskrifta som seier at gjester ikkje har lov til å nyte medbrakt alkoholhaldig drikke.

For denne hendinga kan skjenkestaden få tildelt ein prikk.

Eit førevarsel

I alle tre tilfella er det varsel om mogleg tildeling av prikkar i skjenkeløyvet. Skjenkestadene har rett til å uttale seg, før kommunen fattar endeleg vedtak.

Om ein skjenkestad får tildelt 12 prikkar på 2 år får dei inndrage skjenkeløyvet for ei veke.