Torgeir Waterhouse, direktør for internett og nye media i IKT-Norge, er ofte i det offentlege ordskiftet, og har ei sentral rolle i den norske debatten om IT- politiske spørsmål.

Utan nokon form for tilknyting til denne saka, er han også kjend lokalt for å ha vore med på utviklinga av teknologilæring i Ulstein-skulen, og LKK (Lær Kidsa Koding).

Waterhouse meiner «Sarahah», i likskap med Jodel og fleire andre liknande applikasjonar, byr på nye utfordringar for mange.

– Dette er ei tilbakevendande problemstilling. Barn og unge i dag kan bevege seg rundt i eit univers med moglegheiter som dei rett og slett ikkje fullt ut kan handtere. Dei har verken dømmekrafta eller kunnskapane som skal til for å kunne vite kva dei skal gjere. Det er her dei vaksne kjem inn. Anten det er eit storesøsken eller ein føresett, vi må følgje med på kva borna og ungdommane våre gjer på internett i dag. I klartekst, pass på borna! seier Torgeir Waterhouse.

– Tenkjer ikkje på Norge

Waterhouse fortel at det er vel og bra at utviklarane bak «Sarahah» tek problematikken kring eigen app og mobbing på alvor.

– Men, applikasjonar som blir utvikla ein heilt annan stad i verda kan ikkje bli til ved at ein samstundes tenkjer på den lokale situasjonen i Norge. Eit anna problem er at ein i dag kan skape applikasjonar som blir svært populære, berre ved å nytte nokre få utviklararar. Kva så når applikasjonen tek av, og problemstillingar som til dømes mobbing kjem på agendaen? Det er ikkje realistisk at ein kvar aktør som tilbyr ei slik teneste skal kunne vere alle stader samstundes for å få bukt med problema som oppstår, seier Torgeir Waterhouse.

– Lét ikkje barnet vandre åleine

IKT-Norge-direktøren dreg ein parallell til den generelle fridommen born har i dagens samfunn.

– Dei vaksne må vere til stades og følgje med. Om ein tenkjer på det fysiske rommet barn navigerer i, så lét du ikkje barnet vandre rundt åleine i eit bysentrum. Men det er nettopp det mange føresette gjer i dag, digitalt. Barn skal ikkje vere åleine her heller. Som vaksne skal ein respektere borna sin rett til å vere seg sjølve, men dei har ikkje evner nok til å vere heilt åleine i online-verda. Alle vaksne, tenk på litt på det, og gjer noko med det, seier Waterhouse.