Herøy kommune hadde planar om å bli gjestehamn for Tall Ships tll sommaren. Men kommunikasjonssvikt gjorde at søknaden ikkje vart sendt, skreiv avisa Vestlandsnytt for kort tid sidan.

No skriv Vestlandsnytt at det kan vere håp om besøk likevel.

- Eg har vore i kontakt med arrangementsleiinga i Ålesund, og dei forsikrar oss om at det er fullt mogleg å få besøk av skuter som deltek i arrangementet, sjølv om vi ikkje kom med i brosjyra til "Cruise in Company", fortel ordførar Arnulf Goksøyr til Vestlandsnytt.

Tall ships Race i ålesund 2015 blir arrangert i tidsrommet onsdag 15. juli til laurdag 18. juli. Sjølve seglasen startar i Belfast 2. juli, og Ålesund er målet for "Race 1".

Skipa skal forlate Ålesund laurdag 18. juli for å segle "Cruise-in Company" til Kristiansand.