Norled sin hovud-snøggbåt "Tideekspress" skal på års-service. Derfor er det den noko mindre "Tyrving" som skal trafikkere sambandet Hareid - Valderøy - Ålesund i sommar.

Dette er uproblematisk, meiner Norled, ettersom trafikken i sambandet er mykje mindre no når alle dei pendlande skuleelevane ikkje lenger er med. I løpet av sommaren blir også mykje av den vaksne pendlartrafikken borte.

Maritim forening for Sunnmøre (MAFOSS) seier at opplegget er venta, men at dei opplever at "Tyrving" bråkar meir enn "Tideekspress".