Melshorn Hotell har søkt om bruksendring frå hotelldrift til mellombels asylmottak for einslege, mindreårige flyktningar.

Hareid formannskap sa i førre veke nei til bruksendringa, og grunngav det blant anna med at å gi dispensasjon vil føre til at reguleringsplanen vert sett vesentleg til sides. Viss formannskapet gir dispensasjon, kan det øydelegge for andre grunneigarar i planområdet.

Fekk ikkje bruksendring:

Formannskapet argumenterte også med at kommunen vil få både rettar og plikter overfor dei einslege mindreårige flyktningane.

- Som Robek-kommune har ikkje Hareid kommune bygningsmasse klar til å gi asylantane det tilbodet dei har krav på. Dette vil vi heller ikkje makte å skaffe oss, ut frå dei økonomiske utfordringane som kommunen al har, sjølv etter at kommunen har motteke vertskommunetilskotet, heiter det i avslagsgrunngjevinga.

Melshorn Hotell har hyra inn advokat

Melshorn Hotell har hyra inn advokatfirmaet Steenstrup Stordrange. Dei argumenterer med at vilkåra for mellombels dispensasjon frå planføremålet er til stades, og at innvendingane  i grunngjevinga til kommunen ikkje er noko som kan tilleggjast vekt i behandlinga av saka.

Advokatfirmaet avviser også formannskapet sitt argument om at kommunen ikkje har bygningsmasse til undervisning:

- Hotellet har ein konferansedel med rom og naudsynt utstyr som kan nyttast til undervisning. Kommunen vil kunne nytte lokala vederlagsfritt til slikt føremål. At Hareid kommune ikkje har økonomi til å tilby lovpålagde helsetenester vil ikkje vere eit eit vektig moment. Ressursane er knappe i alle kommunar i Norge, og den indre disponeringa av kommunebudsjettet vil ikkje vere eit argument som kan setje til sides Norges internasjonale plikter, heiter det i svaret frå advokatfirmaet.

Rådmannen tilrår dispensasjon

Rådmannen i Hareid rår formannskapet til å gje klagaren medhald, og dermed gi Melshorn Hotell dispensasjon frå reguleringsføremålet for å kunne drive asylmottak for einslege mindreårige asylsøkjarar. Men han presiserer at dispensasjonen skal vere mellombels.

Ny runde: