I føremiddag (sundag) gjennomførte politiet ein promillekontroll i Furene. Dei kontrollerte 33 køyretøy. Ingen bilførarar hadde promille, men to stykke hadde gløymd å ta med seg førarkortet sitt, noko politiet skreiv ut gebyr for.

I kveld gjennomførte politiet ein trafikkontroll i Ørsta. Då vart ein bilførar ilagt gebyr for at han ikkje hadde med seg førarkort og vart stoppa i kontrollen.