Systera fortel at broren ikkje hadde noko spesielt i mot at fornærma overnatta i leilegheita, men at deira felles son skulle sove i si eiga seng.

Systera seier at broren (tiltalte) sitt fokus var på sonen. Han hadde vidare sagt at han ynskja familierådgiving i Ålesund, noko han ville få til raskast mogleg, før han drog på sjøen igjen.

Aktor Jogeir Nogva spør ho om kor mykje alkohol han drakk kvelden før den tragiske natta. Ho fortel at han drakk litt vin og øl.

Systera fortel at broren drog ut for å køyre seg ein tur og kom inn igjen rundt midnatt.

Broren forsøkte å ringe eksen fleire gongar, og blei ringt opp igjen. Då sa ekskjærasten at den fornærma ikkje var hos ho då. Dette trudde ikkje broren på før samtalen, og dei to ringte difor eksen for å sjekke dette.

Systera fortel at ho og broren (tiltalte) gjekk og la seg mellom klokka tre og fire. Systera fortel at ho vakna rundt halv fem, og fann ut at broren var vekke.

- Det neste som skjedde var at mor mi ringte og sa kva som hadde skjedd. Det skjedde raskt, seier systera.

Ho fortel meir om då ho vakna. Aktor spør om ei melding ho hadde sendt til (broren) tiltalte, ei melding der ho spurte etter broren, fordi ho ikkje såg bilen hans på oppstillingsplassen lenger. Denne blei sendt 04.27. Tiltalte skal ha gått til angrep på Preben Mikael Dimmen rundt klokka 04.30, i følgje tiltalen.

Aktor spør om systera hadde dårlege kjensler i forkant av hendinga, og om ho trudde tiltalte hadde akseptert forholdet mellom ekskjærasten og Dimmen. Ho svarar at ho ikkje veit.

Ho beskriv bror sin som ein målbevisst person, som ein roleg person, som ikkje skulle vere i stand til å gjere noko slikt.

Systera er no ferdig med med forklaringa.

No er det tiltalte sin arbeidskollega, som han var i nær relasjon med, som skal gi si forklaring

Utspørjing av ein kvinneleg arbeidskollega av tiltalte

Kvinna fortel at ho ikkje var i eit romantisk forhold med tiltalte, men heller i eit godt vennskapleg forhold.

Aktor, som byrjar utspørjinga, spør om ho såg føre seg ei framtid saman med tiltalte.

Kvinna svarer nei, men at i ei verd utan problem (refererer til forholdet mellom tiltalte og ekskjærasten), kunne det kanskje blitt.

Ekskjærasten hadde kontakta kvinna på eit tidspunkt, og spurt om forholdet mellom ho og tiltalte.

Kvinna hadde svart at det måtte ho ta med han.

Kvinna fortel om forholdet til tiltalte når dei var heime frå jobb (på land), og seier at dei hadde sms-kontakt og telefonkontakt.

Kva inntrykk fekk du av forholdet mellom tiltalte og hans dåverande kjærast?

- - Turbulent. Eg trur tiltalte føler han ikkje strakk til når han var så mykje vekke som han var, på jobb på sjøen.

-  Kva veit du om forholdet mellom Preben Dimmen og ekskjærasten?

-  Eg fekk vite om dei av tiltalte, før vi reiste heim igjen frå sjøen. Men ikkje at dei var saman, men at Dimmen skulle hjelpe ho med språket.

Kvinna seier vidare at tiltalte var veldig glad i sonen sin, at han sakna han når han var ute på jobb.

Tiltalte prata ofte med arbeidskollegar om sonen.

Utspørjing om drapsnatta

Aktor spør om drapsnatta, då kvinna fekk ein telefon av tiltalte rundt klokka 2.30.

- Eg sa at eg låg og sov, og sa at eg var trøytt. Om vi kunne pratast dagen etter.

Kvinna fortel at tiltalte hadde fått to tekstmeldingar rundt klokka 04.30 (då angrepet skal ha funne stad).

Den eine meldinga berre med eit komma, den andre med tala «112».

Kvinna fortel at ho trudde han hadde feiltasta.

Aktor Jostein Nogva spør vidare om forholdet mellom ekskjærasten og tiltalte, og tek tak i det kvinna tidlegare sa om at forholdet var turbulent.

Ho seier at det var sjalusi og bekymringar for økonomi og sonen.

Så kjem spørsmålet om tiltalte sitt forhold til alkohol.

Kvinna seier at han truleg drakk meir enn det som var nødvendig.

Forsvarar tek over utspørjinga

Ho fortel forsvarar Torgeir Hovland Langva at tiltalte er ein god og snill person, som har støtta ho gjennom tunge tider.

Forsvarar er no ferdig med si utspørjing av kvinna, som er ferdig på vitnebenken