Sist måndag møtte seks engasjerte jenter med Arbeidarparti-politikar Stian Runne Brandal på Hareid rådhus for å informere om sitt syn på sirkus med ville og eksotiske dyr. Håpet deira er at møtet vil resultere i eit forslag til vedtak om at kommunal eigedom ikkje skal leigast ut til slike aktørar.Nokre av jentene demonstrerte sist det var sirkus på Hareid. Grunnen er at dei meiner at dyr som til dømes kamelar og elefantar lever under forhold som er skadelege for dyra, samt er dei i eit heilt unaturleg miljø. Etter at Brandal tok kontakt med Marthe Emilie Hansen om denne saka, samla ho fort fleire likesinna til eit diskusjonsmøte med kommunestyrerepresentanten, noko som enda med eit forslag som vert lagt fram for formannskapet etter ferien.

- Dyrevelferd er ei viktig sak for Arbeidarpartiet, og ikkje minst for meg personleg, seier Stian Runne Brandal.

Og legg til:

- Eg har ikkje vore på sirkus sidan eg var liten, og det har aldri slått meg at her er det dyr som ikkje har det godt. Men haldningane frå Mattilsynet, Veterinærforbundet, Noah med fleire er heilt klare. Dette er ikkje gode forhold for denne typen dyr. Derfor vil eg at Hareid kommune skal vere ein av dei første kommunene i landet som gjer denne typen vedtak, forklarer Brandal.Vedtaket som vart gjort lyder slik: "Hareid kommune leiger ikkje ut tomter eller bygg til aktørar som nyttar eksotiske eller ville dyr i sine førestellingar."

- Frå før av har Oslo, Tromsø, Fredrikstad og Lillehammer gjort liknande vedtak, seier Marthe Emilie Hansen. I tillegg har 19 land, mellom anna England, Tyskland, Kina og Nederland innført nasjonale forbud mot elefantar i sirkus.

Lokalpolitikaren og dei engasjerte jentene håper at resten av dei lokale politikarane får opp augene for levekåra til sirkusdyra og er med på forslaget til vedtak. Ikkje minst håper Stian Runne Brandal at lokal ungdom no ser at engasjement kan nytte, at der er nokon som høyrer og ser deg. - Vegen frå engasjement til politisk handling er ikkje lang i Hareid. Tek du kontakt på rådhuset får du kontaktinformasjon til alle politikarar. Eg trur at alle i lokalpolitikken vil høyre kva du har på hjartet, seier han, med ei klar oppmoding til ungdommen om å bruke lokaldemokratiet til å fremje sine meiningar.

Frå venstre: Stian Runne Brandal, Marthe Emilie Hansen, Oline Reitan, Hanna Amalie Vorren, Nanna-Elise Svendsen Grimstad, Torunn Dimmen og Olaug Orten Trovåg.