Etter ein pause på 25 år har musikarane i RIFF kome saman igjen. Resultatet har blitt CD-en "Still Here".

RIFF har fleire bandmedlemer med opphav på Ytre Søre: Brørne Audun og Per Arne Brandal er frå Hareid, medan Jostein Storøy er frå Herøy.

Melhus ny

Bandet har fått ny mann på saksofon: Baard Melhus, oppvaksen i Hjørungavåg.

Trommene er det Jarle Hanken som trakterer.

25 år etter siste spelejobb, møttest fire av dei gamle RIFF-medlemmane i Mølla studio på Gjerstad utanfor Tvedestrand.

På fem hektiske dagar vart ei blanding av gamalt og nytt musikalsk stoff innøvd og grovskissene til heile 16 eigenkomponerte låtar vart spelt inn.

Etter opptaka i Mølla har fleire instrument og spor blitt lagt på, ikkje minst av RIFF sin nye mann på saksofon, Baard Melhus.

Konsert på Sjøborg

Den nye CD’en skal etter planen vere klar til tre konsertar på Sunnmøre: Teaterfabrikken i Ålesund 3. april, Det Grøne Treet i Volda 4. april og Sjøborg i Ulsteinvik laurdag 5 april.