Garantien skal gjelde i inntil 15 år. Hareid kommunestyre har som kjent vedteke betalingsparkering i sentrum. Men Hapark AS, som er eit heileigt kommunalt aksjeselskap, kjem ikkje i gang med arbeidet sitt før dei får tilgang på ein viss pengesum – og det er denne pengesummen kommunestyret no blir  bedne om å garantere for.

Fylkesmannen skal, på vegner av departementet, handsame og godkjenne garantien. Han har på si side kravd at Hapark AS fremjar ein formell garanti-søknad – og at kommunestyret går inn for denne – før han kan gå inn og eventuelt godkjenne.

Må betale tilbake mellombels løyving

Hareid kommunestyre har alt  vedteke forskotsbetaling av  ein del av Hafast sine etableringskostnader. Denne løyvinga skal parkeringsselskapet betale tilbake så snart dei har likviditet til det. I tilrådinga til vedtak i formannskapet er det derfor sett som vilkår for å gi garantien at den mellombelse løyvinga skal betalast tilbake til kommunen straks Hapark har fått ja frå den aktuelle låneinstitusjonen.

Rådmannen strekar under at det heile tida har vore ein føresetnad at kommunen skulle stille med finansiell støtte for å få etablert og gjort selskapet operativt. Han ser derfor selskapet sin garantisøknad som ei oppfølgjing av denne føresetnaden.

Rådmannen vel å følgje tidlegare praksis med simpel kausjon knytta til «hovudstol». Ved denne modellen unngår kommunen kostnader knytta til strafferenter og innkrevjingsgebyr.

Rådmannen slår elles fast at Hapark sitt låneopptak nok også vil gå med til å dekke ordinære driftsutgifter i startfasen.

Utstyret til Hapark vil truleg ha ei avskrivingstid på 15 år. Derfor blir  det også foreslått at garantien skal gjelde så lenge.

Kor lenge?

Til slutt nemner rådmannen at parkeringsbehovet i Hareid sentrum kan vere usikkert i eit lengre perspektiv. Her tenker han nok på Hafast-planane om flytebru over Sulafjorden.