For å få ned talet på heimlause kattar samarbeider Mattilsynet, Dyrebeskyttelsen Norge, Smådyrpraktiserende veterinærers foreining og Norsk Huskattforening om ein kampanje som skal få katteeigarar til å ta meir ansvar for katten sin.

- Det er mange heimlause kattar som lir fordi dei svelt, frys eller er sjuke. Dette er ikkje akseptabel dyrevelferd, seier initiativtakarane

-Det er du som eig ein katt, som må ta ansvaret for at katten din ikkje vert borte eller får uønskte kattungar. Det beste du kan gjere, er å kontakte veterinær for å få katten ID-merka og kastrert eller sterilisert, seier Torunn Knævelsrud, som liar seksjon dyrevelferd i Mattilsynet.

Bakgrunn for kampanjen

Kattar kjem av og til på avvegar. Bortkomne kattar som ingen tek hand om formerer seg, og vi får bestandar av eigarlause, forvilla kattar. Svolt, kulde og eventuell sjukdom gjer at kattane lir.

- Fleire kommunar gjennomfører avlivningskampanjer for å redusere bestandane, noko som også kan ramme eigde kattar som ikkje er merka. Slike avlivningskampanjer vekker motvilje hos mange. Det beste tiltaket for å redusere talet på forvilla og heimlause kattar er at eigaren får katten sin kastrert og merket, meiner arrangørane av kampanjen.

For mange kattar utan eigar

Mattilsynet ønskjer ikkje at friske kattar skal avlivast. Mange frivillige organisasjonar tek på seg å omplassere heimlause kattar. Slik omplassering krev likevel at katten er frisk nok og sosialisert på menneske. Dessutan er det mange fleire heimlause kattar enn kva det er mogleg å finne nye heim til. Dersom alle katteeigarar syter for å få katten sin kastrert eller sterilisert, blir det færre heimlause kattar.

Dyr skal ha et godt liv

Dyrevelferdsloven pålegge alle dyreeigarar å gi dyra sine et godt liv. Å forhindre at katten kjem på avvegar eller får uønskte kattungar, høyrer med til ansvaret som katteeigar.

- Difor anbefaler vi alle katteeigarar å ID-merke og kastrere eller sterilisere kattane sine, presiserer Torunn Knævelsrud.