Laurdag 7. november er det klart for heile Norge sin kinofest. Publikum kan fråtse i film frå morgon til kveld. Premierefilm, førpremierer og haustens aktuelle filmar står på programmet saman med mange morosame aktivitetar på Den store kinodagen.På Sjøborg kino er det også mykje å velje i for både store og små, med film frå kl. 09.00 til midnatt.

- På Sjøborg startar vi dagen med førpremiere på både Snoopy og Charlie Brown: Knøttene-Filmen og den norske filmen Julekongen – Full rustning. Det vert i høve kinodagen for første gong arrangert frukostkino i samarbeid med Quality Hotel Ulstein, og dette er eit tilbod til dei som har kinobillett til filmen kl. 09.00 og/eller filmen kl. 11.00. Reserver gjerne bord på førehand, seier kinosjef Kristine Brungot.

På Den store kinodagen blir også ønskjereprise  Innsiden Ut,  Pixar sin nye film som alt er favoritt til neste års Oscar-pris i animasjonsfilmkategorien.

Hotel Transylvania 2 er ein annan favoritt blant barna som det blir høve til å sjå denne dagen.

Den nye filmen Jem and The Holograms byr på spennande mysterium, romantikk og mykje kul musikk, og vil nok ha stor appell spesielt til unge jenter.

- Johnny Depp gjer, etter det rykta fortel, ei av sine beste roller i den nye filmen Black Mass som har førpremiere på kinodagen. Dette er den sanne historia om den irske gangsteren James "Whitey" Bulger, spelt av Johnny Depp. Anbefalast til alle som likar god action/krim, tipsar Brungot.

Den store kinodagen på Sjøborg avsluttar med ønskjereprise på The Hunger Games: Mockingjay Part I. Dette er eit tilbod til alle som er glad i Hunger Games-filmane medan de ventar på det dramatiske og avsluttande kapittelet i serien med premiere 18.november.

Kinoen er festpynta og klar for å ta imot både store og små. Velkomne til Den store kinodagen på Sjøborg kino, seier Kristine Brungot.