Fylkesdirektøren vil ikkje trekkje motsegna på Holstad
Fylkesdirektøren vil ikkje avslå å halde eit formelt meklingsmøte, men meiner jordvernet er så viktig at ei formell mekling neppe vil vere ein farbar veg. Han vil ikkje trekkje motsegna.
Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik held fast på motsegna si. Han vil ikkje at dyrkajorda til Bjørn Holstad skal regulerast inn i byggefeltet på Holstad.