Førre torsdag var trendeksperten som mellom anna er kjend frå God Morgen Norge på TV2 til stade på Amfi Ulsteinvik.

På dagen sette ho seg inn i vareutvalet til butikkane. På kvelden plukka ho seg ut nokre godbitar som ho viste frå scenen under medlemskvelden.

Jemtegård har sett seg lei på kvite heimar. Ho synest det er alt for mange like heimar på Instagram. Der ser ho folk har dei same sofaene og vasane. Folk kan slå seg litt meir lause og vise meir personlegdom når dei innreier husa sine. Trendeksperten har vanskeleg for å tru at det er dei same sofaene og vasane som gjer alle glade.

– Når vårsola kikkar inn vindauga får me lyst til meir enn å vaske vindauga. Me får også lyst til å fornye oss, seier ho og meiner at den enklaste måten å fornye interiøret på er å kjøpe nokre nye sofaputer.

To trendar å velje mellom

Det er hovudsakleg to stilar å velje mellom denne våren, men du kan også kombinere dei.

Den eine er den nordiske, maritime stilen. – Eg elskar det blå og kvite, det gir ei god sommarkjensle, seier Jemtegård der ho går mellom butikkreolane og plukkar ut varer medan ho fortel om trendane for denne våren.

Ho vel seg ut ei kvit pute med blå striper. No skal det vere naturmateriale. Treet skal sjå litt slite ut, som drivved. Og makramé er tilbake. Jemtegård plukkar ut ein stol der stoffet er makramé.

– Her i området er det så mange frukthagar. Kjøp gjerne ei hengekøye i makramé, så kan du liggje der i sommar, tipsar ho.

Sommarkveldane kan ein lyse opp med store stormlykter. Lyktene skal vere store og robuste, så dei toler eit vindkast. Også dei i røft trevirke.

– No har det vore shabby chic ein god periode, med kvitt og småblomstra. Og det har vore mykje skrift på alt mogleg. Det er så herleg å sleppe det. Ein treng ikkje å skrive på putene at ein skal gripe dagen eller kose seg. Eg vil heller ha meir ro rundt meg, seier Jemtegård.

No er det også in med korger. Store korger i naturmateriale som kan stå framme, og som du kan kaste rotet ditt oppi. – Perfekt for travle småbarnsmødrer, smiler Jemtegård som spring rundt på høge hælar, med ein veksande mage. Ho ventar ei lita jente i august.

Grøne blad og litt glamour

Om ikkje blått og kvitt er noko for deg kan du gå for den andre stilretninga, den meir tropiske. Få meir grøne planter inn i heimen din. Store grøne blad er bra både for inneklimaet og humøret vårt. – No er det dei grøne blada som gjeld, slår trendeksperten fast.

Dei grøne blada skal gjerne gå igjen på puter og tekstilar.

Fargane er duse og sarte, men gjerne bland inn noko mørkare og røffare. Det skal vere litt glamour, med gulldetaljar.

Jemtegård viser fram ein lysestake der ein har kombinert stein og gullfarga metall. Dette blir lekkert i lag med glas- og porselensvaser i lyserosa og mørkare rosa.

Det skeive og vindskakke

– Ikkje ver redd for litt kitch, oppmodar Jemtegård. Ho minner om at det me gjerne likar best i huset vårt er noko litt rart og vindskeivt som skil seg ut. – Det er det skeive i oss som gjer oss interessant. Det gjeld menneske også. Om alt er sterilt og polert er det ikkje noko gøy, seier Jemtegård og slår eit slag for skeive tenner og kvervel i panneluggen som gjer at han ikkje vil liggje som han skal. Interiør er eigenleg klede til husa våre.

– Flamingoen er årets fugl. Han er rosa, langbeint og veldig morosam, tipsar ho om nips som friskar litt opp.

Stein: Sarte pastellfargar blir lekre i lag med mørkare fargar. Blanda med tøffe materiale som stein blir det riktig så stilig. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Rosa: Rosa er ein sentral farge denne våren, gjerne i lag med detaljar i gull. Jemtegård seier at det skal vere litt hotellkjensle i heimane no. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Flamingo: Invester i kule puter, tipsar Jemtegård. Ho har også sansen for den rosa flamingoen. – Å leggje seg i sengetøy med slikt trykk på må vere som å leggje seg i ein tropisk draum kvar natt. Foto: Ingvild Aursøy Måseide
Korger: Fyll huset ditt med korger du kan putte rotet ditt oppi, er rådet frå Jemtegård. Dei største korgene kan du kvile beina på, eller bruke som eit lite bord. Stilen er ei blanding av etnisk og nordisk. Foto: Ingvild Aursøy Måseide