Kristin Hagen og David Røren er foreldre til Penelope som starta i barnehagen i januar i år.

– Tilvenninga gjekk veldig fint. Penelope er vand til å ha mykje folk rundt seg, fortel David Røren.

Den vesle familien leiger ei leilegheit i huset til David sine foreldre.

– Bestemora er frå Filippinane og har mykje besøk, så Penelope er vand med å ha mykje folk rundt seg, smiler David.

Varm velkomst

Mor Kristin fortel at det var to grunnar til at dei gjekk for Høddvollbarnehagen.

– For det første ligg den veldig nær der vi bur, og for det andre hadde vi høyrt mykje positivt om barnehagen, seier ho.

– Vi fekk ein veldig varm velkomst då Penelope skulle byrje i barnehagen, seier David.

Dei fortel at dei fekk omvising i barnehagen og fekk helse på dei tilsette.

– Vi synest det er viktig å vere opne og ha ein god dialog med personalet, seier Kristin og David.

–I starten fekk vi tekstmeldingar og foto av korleis det gjekk med Penelope. Vi syntest det var fint å få innblikk i korleis dagane hennar var, fortel foreldra.

No er Penelope blitt 1 år og 7 månader gamal. Ho er tillitsfull og trivst veldig godt i barnehagen.

– Ho har lært seg namna på fleire av dei andre barna og fått seg ei besteveninne, seier Kristin.

Neste veke får ho ta imot nye venner på småbarnsavdelinga i barnehagen.