– I sjøen er det ingen kvotar som avgrensar laksefisket. Når sjøfangsten aukar, fører det til at færre laks sym opp i elvene for å gyte, seier generalsekretær Torfinn Evensen i Norske lakseelver til NTB.

I byrjinga av juli sende organisasjonen eit brev til Miljødirektoratet der dei ber om at laksefisket til sjøs blir stansa umiddelbart i Østfold og strengt regulert andre stader. Men noko svar har dei ikkje fått før laksefisket til sjøs er slutt 4. august.

– Vi hadde håpa at Miljødirektoratet ville tatt grep med utgangspunkt i føre var-prinsippet. I mange elver er villaksen trua og sårbar. Styresmaktene kan ikkje ta ferie når laksen treng dei som mest, seier Evensen.

Held seg lenger i sjøen

I elvene Verdalselva, Stjørdalselva og Gaula, alle i Trondheimsfjorden, og Ørstaelva, Bondalselva og Aureelva på Sunnmøre er fisket no stengt på grunn av lite og varmt vatn. Også delar i elva Surna i Rindal og ei rekke andre lakseelver er det stengt for fiske eller innført reguleringar.

Problemet er derimot at varmen og den låge vasstanden i elvene fører til at laksen oppheld seg i fjordane lenger enn normalt. Då aukar faren for at laksen blir fanga i kilenot eller eit ulovleg garn, ifølgje Evensen.

– Uforsvarleg

Villaksbestanden er blitt halvert dei siste 30 åra, noko som har ført til strenge reglar for fisket i elvene. Også fisket i sjø er blitt regulert ned, men i langt mindre grad enn i elvene.

I brevet til direktoratet blir det omtalt som «uforsvarleg» at sjølaksefisket ikkje blir regulert eller stengt når fisken held seg i fjordane mens han ventar på å komme seg opp i elvene for å gyte.

Men det synet deler ikkje seniorrådgjevar Helge Axel Dyrendal i fiskeseksjonen til Miljødirektoratet.

– Vi har ikkje sett nokon grunn til å knipe inn på fisket i sjøen i år, sjølv om det er ugunstige forhold i elvene. Det vi ser på, er om det er nok gytefisk igjen ved sesongslutt. Kor fisken blir fiska, spelar liten rolle, seier han til NTB.

Han viser til at det er gjort betydelege inngrep i uttaket av laks i elv og sjø dei siste åtte–ti åra, deriblant redusert fisketid i sjøen.

– Vi har ingen indikasjonar på at det er avvikande lakseinnsig i år. Det er normalt dårleg. Det har vore dårleg i mange år, seier Dyrendal.

Etterspel i Stortinget

Saka har derimot fått varsellampene til å lyse hos Arbeidarparti-politikar Kristian Torve, som no ber Miljødirektoratet og miljø- og klimaminister Ola Elvestuen (V) om å stramme inn på sjøfisket av laks.

– Det hastar med å stramme inn for å bevare bestandane. Om vi ikkje gjer det no, kan det få konsekvensar i mange år framover, seier Torve, som er vararepresentant på Stortinget for Ap, til NTB.

Når Stortinget kjem saman til hausten, vil han be statsråden svare for korleis ein skal unngå liknande situasjonar i kommande sesongar.

Torve krev også at det blir innført krav om kontinuerleg fangstrapportering for sjøfisket, slik det er for elvefisket.

– Harde restriksjonar i elv, men nærmast ingen i sjø heng ikkje på grep, meiner han.