I februar i år vedtok Ulstein kommunestyre samrøystes å godkjenne det private framlegget til detaljregulering for bustadområde Saunes II på Saunes. Tilrådinga frå teknisk utval var også samrøystes.

Hareid var settekommune

Det var administrasjonen til Hareid kommune som handsama denne saka. Rådmannen i Ulstein, Einar Vik Arset, har koplingar til tiltakshavar gjennom eigarskap i felles firma, Tesra Eigedom AS. Såleis vart alle i Ulstein kommune sin organisasjon ugilde til å vurdere og kome med tilråding i saka.

34 bueiningar

Planen omfattar regulering til bustadføremål, i hovudsak konsentrert utnytting. Det kan etablerast 34 bueiningar innanfor planområdet. Det er foreslått to bustadrekker parallelt med fylkesvegen. Dei fremste bustadene er kjeda og vertikaldelte bustader over to plan.

Det er også regulert inn to område med frittliggande småhus. Og der er regulert inn vegar og fleire leikeplassar. Køyrevegen blir ein blindveg, snuplassen er dimensjonert for brøyte- og søppelbil.

Planen var ute på høyring frå 31. mai til 11. juli 2017.

Støydemping

Strandvegen er ein fylkesveg med mykje trafikk, noko som fører til ein del støv og støy. Utbyggjar vil difor byggje ein støyskjerm mot fylkesvegen, og det skal installerast balansert ventilasjon i alle bustadane.

Ein del av oppsitjarane på vestsida av Strandvegen reagerer på at det ikkje er krav om at dei skal få ein støyskjerm. Dei er frå før plaga med støy og støv, og det blir ikkje betre med fleire bueiningar i området. Dei fryktar at når det blir sett opp ein støyskjerm med bustadene på austsida, vil lyden bli forsterka og slått tilbake til vestsida. Dei varsla i sommar at om det ikkje blir lagt inn støyskjerming mot vest i planane, ville dei ta saka vidare.

Vart ikkje høyrde

Men sakshandsamaren i Hareid kommune såg det ikkje som naudsynt på påleggje utbyggjar å lage støyskjerm for vestsida.

Utgiftene til støyskjermingstiltak på austsida vil gå inn i byggjekostnadene og til slutt bli betalt av bustadkjøparane.

– Utbyggjarane skal sjå til at dei ikkje påfører eksisterande busetnad auka miljøbelastningar, men ein kan ikkje forvente eller påleggje utbyggjarane, eller kjøparane av dei nye bustadene, å utbetre eller betale for eksisterande belastningar på allereie oppførte bustader, står det i sakspapira til Ulstein kommunestyre.

Men kommunen vil påleggje utbyggjarane å utforme støyskjermen på ein måte som bryt lyden, står det vidare, og såleis ikkje kastar lyden tilbake over vegen.

Klagar til Fylkesmannen

Sidan oppsitjarane på vestsida ikkje vart høyrde i ønsket sitt om støyskjerming, har dei no klaga inn vedtaket til Ulstein kommunestyre til Fylkesmannen.

Dei skriv at dei finn det særs merkeleg at kommunen kan godta at delar av deira eksisterande innbyggjarar kan bli utsette for så mykje støy og svevestøv. Dei viser til målingar frå Sweco som viser at verdien for støy er langt over godkjende grenseverdiar for støy.

Samtidig som dei nye bebuarane skal skjermast mot støy, er det ingen planar om støyskjerming for deira side av vegen.

– Er vi ikkje verdige til å ha eit godt bumiljø, vi som bur på vestsida av vegen? Vi krev ikkje at det er utbyggjar som tar denne kostnaden, mot eksisterande støy, her er det kommune og Statens vegvesen som viser ein stor brest i ansvaret sitt, skriv dei som klagar.

Bratt veg

To naboar på austsida har klaga på vedtaket på grunn av at omlegging av vegen gjer at vegen til eigedomane deira blir ekstra bratt. Dei ønskjer å flytte startpunktet på vegen tre meter mot nord, og utvida kurva i starten av vegen så ho er godkjend for stor lastebil.

Sentrumsnært: Det nye bustadfeltet vil gje 34 sentrumsnære bueiningar, med leikeplassar i nærmiljøet. Men naboane på nedsida av vegen (vestsida) fryktar auka støy til seg når det kjem støyskjerming på oppsida av vegen. Teikning: AG Arkitektur AS Foto: AG Plan og Arkitektur